Reidar Bringedal Weblog

January 20, 2006

No når alderen tek oss!

Kjære ven og kollega - gode 60-åring!

Eg skal få lov å nemna nokre ord om denne verksemda du leier, Epcon, skipinga av den, litt om folket der og kva verksemda driv med. Eg reknar med at andre vil syte for omtale av andre sider ved livet ditt. Men nett dette du driv med i arbeidsdagen – det er ikkje sikkert at alle kjenner mykje til det. Titt seier eg: Epcon driv med byggjing! Ja, teiknar de hus?? Nei, seier eg. Ja, set de opp hus då?? Nei, seier eg. Me styrer byggjeprosess! – ja, so er me nett like langt då - med det!!

Men fyrst – og sidan me er nett her – på Jæren – ei bøn frå meg til han Ådne!!

Høyr meg, når hugen dovnar,
og versi flyt seigt som lim!
Send ord meg som sprett og dansar,
og send meg gode rim!

Tidt ordi tek seg ut som
ein borgar-eksersis;
dei kan ikkje halde lina,
men vinglar på alle vis.

Epcon, eit firma som styrer byggjeprosessar, skipa for på lag 15 år sidan, og eigd av oss 3, Jon – Mikal – Reidar (i rett aldersfylgje). Alle 3 i tidlegare tider tilsette hjå Arne Rettedal i Stavanger (titt nemnd “han far”) som også styrde byggjeprosessar – og vel så det.
Og no – litt soge på vers – einast om Epcon, folket og livet der: Likskap med noko som helst anna trengst ikkje leitast etter. Det finst ikkje!

Men- skiping av ny byggjeverksemd er vågeleg spel – på fleire vis, kamerat!

Hit kom du ein gong som skræmde hind
med augo rædde og stille
og trøytt deg stødde til armen min
og sukka: oss gjeng det ille.
Og tåra rann på ditt bleike kinn,
av di han far ikkje vilde.

Men me våga. Og me hadde eit slags mål for korleis me ville driva denne verksemda. Skulle ikkje plent verta rike – men me ville vera rettvise i det me gjorde, i ein marknad som ikke nett var kjend for det!! So me sa til oss sjølve at —

Den ut er dømd or himmerik´
som her i verdi gjorde svik;
han miste ord, han miste tru
og kan kje millom vénir bu.
No venlaus driv hans brotne stamn,
Gud hjelpe han , i Jesu namn!

Me fekk det rimeleg til med denne verksemda. Hus og anlegg me hadde styringi med fekk oftast fagnad. Men det hende vel at ein huseigar storma fram med høge rop:

D’er skakt og skeivt,
d’er vrangt og vindt,
d’er sleipt og kaldt.
d’er skrukkut og skrint,
d’er kryp som krabbar,
og byksande dyr
og trollskap frå fælslege
eventyr.

Ja, ja, om ikkje me har sete i kasjotten som har me sett dei som rettsapparatet fata tak i og møtt …..

d’er trollstore gløsande
augo ille,
eld-augo grøne,
blod-augo ville,
rivtennar, kløar,
rovur i ring,
skinnvengir, alle
skræmslege ting;
det dansar, med uling
som øyro villar
av gap som på løvur
og krokodillar

Då kunne det henda at me lengta ut – og ut ville du – til Kualalumpur - ….Du hendesløyse!!
Men du fata deg sjølv i nakken – eller kanskje andre gjorde, og mogeleg såg du at

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo;
det kviler klårt mot himilrand
i kveldblå ro.

Eg lengta tidt på trøytte veg
der ut til fred;
men landet fyrst kann syne seg,
når sol gjeng ned.

Eg var sjølv dagleg leiar i Epcon i 10 år, og då du tok over for rundt 5 år sidan, så nemnde eg for deg at ..

Eg kjenner striden tung og sein
mot trolldoms vald.
Gud hjelpe oss for brotne bein
og mannefall!

Eg kjenner deg – eg kjenner deg,
som ikkje vann!-
Eg såg din strid, eg veit din veg
i skugge-land.

Eg røynde sjølv den striden stygg
i mange år.
med ville mod, med bøygde rygg,
med svære sår.

Men um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru,
som lovar vår.

Det er mange menn i Epcon. Men ikkje einaste det. Me har vår – Hilde, og …..

Ho er mager og myrk og mjå
med brune og reine drag
og augo djupe og grå´
og stilslegt, drøymande lag.
det er som det halvt um halvt
låg ein svevn yvi heile ho;
i rørsle, tale og alt
ho hev denne døyvde ro.

So har du denne gode skipnaden at – Hilde steller til mat åt deg – når det lid mot matbél – men og …

So tidt han tyrster so kjem med krusi
den vene ungjenta der i huset.
Slik dros i verdi han aldri såg:
reint som ei hildring det um ho låg.

Han ser på jenta som vil han dåne;
ho smiler til han, so han kan bråne;
dei hine nikkar og segjer då:
”du kan kje´røre – men berre sjå”

No du er vaksen, har du gjort deg tankar om å seia frå deg leiinga av verksemda. Det kan verta tyngre for deg enn du trur. Epcon er ditt hjartebarn - tenk om

Frå ljost til leidt det snart seg snur.
Du lyt på videvanke;
og sidan gjeng du tyngd og stur
fram gjenom tidine kranke.
Men all tid er det di hjartans brur
og vert din siste tanke.

Me vil så lang frå setja nokon sluttstrek for arbeidsdagen din. Me ynskjer deg mange gode år –med det du likar og trivst med å gjera. Men ved denne merkesteinen på vegen kan me vel snu oss og sjå den du alt har gått so langt:

For deg og dine
du sleit som ein mann
og skifte med deim
som mindre vann.
Det grautfat du godsleg
med stakkaren skifte,
er betre enn både
bøn og skrifte.

Herren i naud
til deg kom;
du fagna han vel,
du gav han rom.

Herren kulsa
i vinter-sut;
du gav han din siste
arme klut.

Til lukke med dagen – og 60-åra.

Comments »

The URI to TrackBack this entry is: http://bringedal.blogsome.com/2006/01/20/no-nar-alderen-tek-oss/trackback/

No comments yet.

RSS feed for comments on this post.

Leave a comment

Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <code> <em> <i> <strike> <strong>























Get free blog up and running in minutes with Blogsome | Theme designs available here