Så plutselig en dag dukket de opp. Ordene, uttrykkene - som tydelig må være beskrivelser av noe som ligger og ulmer dypt inne i den jærske og pietistiske sjela. Jeg tenker jo at en slags mal må en da ha for dette, og stakkars meg må bare undre meg over - om det er nærheten til fjøset og den kraftfulle formeringsteknikken som en der en gang kunne bivåne - eller om det kun er slik at en omsider er kommet utenfor bedehusveggen og føler frihet til å rope ut om det viktigste av egne drømmer og forestillinger……
Men jeg, jeg synes faktisk at det er ganske morsomt – at det er såpass liv i det middelalderlige …..
Men det kan vel aldri være ………..
Galenskap; Hugsjuke . . . .
Sinnssjukdom er her då nok av. Stundom er det gudeleg Ørske, som kann herje heile ……..; stundom er det beint ut Galinskap, som kan slå ut på alle fæle Måtar; og svært ofte er det Hugsjuke av ymse Slag, Tungsinn, Sjølvleidskap, Livsangest. I Dag fortel Bladi um ein Mann frå ……., som vart galin og drap ein tri Års Gut med ei Øks; i Morgo er det ein som hev gjort Ende på seg av Sut for Utkoma eller av Rædsle for Helvite . . .
- Eg gjeng sjølv med sovorin Sjukdom i Blode. Enno hev han aldri fengi Magt. Men med Alderen synest han auke; det hev vori ei Tid no, då eg ikkje so sjeldan hev komi til å minnast Far min. Det er som han skulde vilja ”koma att”. Som han skulde vilja draga Son sin etter seg.
Verst er det um Morgonen; då er det stundom at eg ikkje er Mann for å vinne meg upp, fyrr det kjem so vidt at eg endå mindre er Mann for å liggje; då vert eg ”pint” upp. Og det varer lengi fyrr eg kjem i Arbeidslag. Hjarteklembd og huglaus gjeng eg og vrid meg; agtar eg meg ikkje, so kjem det Sukkingar og Stynjingar mest som eg låg på ein Pinebenk; eller eg røder høgt med meg sjølv, so eg støkk og mest tykkjest høyre han Far; og det som er det verste: hjarte like sæ1 og leid er eg av alt; alt eg tenkjer på piner eller tyngjer meg, og alle eg minnest . . . ingin kann hjelpe meg; Spursmåle er berre um eg kann klara å vise meg roleg, sjaa ut som ingin Ting var. Med alt dette er Vite like klårt; det er berre Hugen som er sjuk; men den kann vera so sjuk, at eg stundom heilt skynar Far min.
Eg hev havt mange slike Morgonstundir i seinare Tid; og det som gjer meg uroleg er, at Arbeidshugen meir og meir synest dovne. Fyrr hadde eg alltid Arbeide å berge meg med, um Hugen var myrk; no bryr eg meg i slike Stundir minst av alt i Verdi um Arbeid; kva Arbeid eg tenkjer på, - det er berre meiningslaust og keidsamt.
Det er ei Rid; det gjeng yvi att. Fyrr eller sidan. Men dette at Ridine kjem att og kjem att, og vert verre, fær meir Magt og held lenger på, det er uhuglegt; vinn eg ikkje yvi det, so kjem den Dagen sidan eller fyrr, då eg er heilt arbeidsufør, og dermed ikkje livsfør. Og kvar skulde eg då gjera av meg?